Babettes Gjestebod

Babettes Gjestebod

Forestilling i Birkeland kirke 28 oktober

28 oktober kl. 19 kommer Hordaland teater til Birkeland kirke for med forestillingen "Babettes gjestebod".

De skriver i egen omtale:
Karen Blixens novelle Babettes gjestebod er kjend som ei forteljing om menneskeleg toleranse. Denne sanselege historia fortel om ein raus kjærleik til livet og medmenneska og den set vårt syn om utanforskap i eit granskande lys

Prostedøtrene  Mathilde og Phillipa er leiande i ein pietistisk kyrkjelyd i Berlevåg. Men kyrkjelyden har mista mykje av den krafta den ein gong hadde og er prega av alderdom og inngrodde konfliktar. Ei fransk kvinne, Babette, flyktar frå dei fryktelege krigshandlingane i Paris i 1871 og får arbeid som tenestejente hos søstrene. Ho tener dei trufast i fjorten år. Då vinn ho i eit stort lotteri og inviterer kyrkjelyden i Berlevåg på eit gedigent fransk måltid som overgår all fantasi og som forløyser både innstengde kjensler, gamle motsetnader og djup livsglede.

Det å gjere det gode for kvarandre og gje av dei gåvene ein har, oppsummerar Babettes oppleving av meining i livet.
Når Hordaland Teater vil ta dette materialet til scenen, er det fordi vi trur denne historia treff oss i dag. At ein så erfaren og utrykksfull skodespelar som Ragnhild Gudbrandsen skal formidle denne historia, gjev oss tru på at publikum kan vente seg ei sterk teateroppleving som vil stimulere til refleksjon og glede.
Stig Amdam har regi på denne inderlege monologframsyninga, og saman med Bjørgvin Bispedømmeråd inviterer Hordaland Teater deg til kunstnarleg gjestebod.

Speleperiode/ Kyrkjeturné

Turnéliste:

14. oktober kl. 19 – Olsvik kirke

16. oktober kl. 19 – Emigrantkyrkja på Sletta

18. oktober kl. 19 – Storetveit kirke

19. oktober kl. 19 – Fana kirke

23. oktober kl. 19 – Etne kyrkje

24. oktober kl. 19 – Fedje kyrkje

25. oktober kl. 20 – Os kyrkje

26. oktober kl. 19 – Bønes kirke

27. oktober kl. 19 – Tveit kirke

28. oktober kl. 19 – Birkeland kirke

31. oktober kl. 19 – Sund kyrkje

1. november kl. 19 – Korskirken

3. november kl. 16.30– Lygra kyrkje

6. november kl. 19 – Fridalen kirke

7. november kl. 19 – Knarvik kyrkje

9. november kl. 19 – Fyllingsdalen kirke

Billetter kan kjøpes på nettsiden til Hordaland teater eller i døren før forestilling.

VELKOMMEN!